Du er her: Hjem /

 
KJÆRE LYDVENER...
25. september 07
Her gjengjev me talen ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, framførte då Sleppet opna på Lydgalleriet og Galleri 3, 14 i Bergen tidlegare denne månaden.
 
Kjære
styreleiar i Grieg 07
lydkunstnarar
lydvenner

Edvard Grieg skriv i eit brev:

”Men - også i min kunst kunne jeg ikke unnlate å søke et uttrykk  for den ville musikk i havets brusen, akk det var forgjeves. Jeg følte til bunns umuligheten av å bringe denne kjempeakkord i toner. Det var i denne susen og brølen  noe så uendelig at det forekom meg formastelig et øyeblikk å dvele ved tanken om å kunne gjengi den. Dog, også her fant jeg trøst: Ikke den materielle virkning, men refleksen av de følelser den oppvekker, er det kunstnerens oppgave å gi, og gjøres dette med genialitet, er inntrykket like
guddommelig tross den mangel på massevirkning som er naturens egen.”

Edvard Grieg var ein komponist som hadde ein stor interesse for lyder han fant i møte med naturen og folkekulturen. Grieg var ein samlar av norsk naturklang – ein klangsamlar – og vi finn døme på dette i hans bruk av folkemusikalske element og i tonebilete som etterliknar og omarbeider
inntrykk frå norsk natur. Fuglesong, fossefall, regn og fjell får plass i komposisjonane hans, og lyttarar har fått genuine opplevingar av natur gjennom Griegs musikk.

Når Grieg 07 inviterte seks internasjonalt omtykte lydkunstnarar til å la seg inspirere av norsk natur og folkeliv 100 år etter komponistens død, var det ikkje overraskande at dei valte Sogn og Nordfjord som utgangspunkt for
feltopptaka. Naturen vi finn i fylket vårt gir lydkunstnarane ein stor palett å leike med: Frå kalvande brear inst inne i fylket, til fjelldalar, skogsvatn, elvesusing, dråpedrypping, sandtak og fossefall, badestrender, fjøs, fuglekvitter og til bølgjene og vindkasta ytst i fylket – ut mot havet.

Vi er stolte av at kunstnarane i særleg grad henta inspirasjon frå Gloppen.

Det er ikkje kvar dag at det kjem eit knippe internasjonale lydkunstnarar inn på fellesfjøsen på Bø, eller i sauefjøsen til Anders Fitje, med avanserte lydopptaksinstrument. Det var også eit pussig syn å sjå ein engelsk lydkunstnar ta opp lyden av sand i sandtaket på Sandane. For ikkje snakke om når ein tysk lydkunstnar tok til å slå gråstein mot kvarandre i Våtedalen for å finne steinane som har den beste lydkvaliteten!

Med lokal kjennskap til stiar og fjellvegar, og ikkje minst lokal ornitologisk ekspertise i Svein Hjelmeset, fekk lydkunstnarane tilgong til eit breitt spekter av norske lydar. Lydar vi som bur i Gloppen høyrer kvar
dag, men som vi kanskje ikkje alltid legg merke til.

Vi takker lydkunstnarane for at dei har gjort oss merksame på vårt eige landskap – vårt lydlandskap, på ein ny måte.

Kjære lydvenner,

med dette har eg æra av å opne lydkunstutstillinga ”Sleppet – The Sound of Norwegian Spring”!


 

Foto: Magnus Skrede
 
Fra åpningen av Sleppet. Foran: kurator Jørgen Larsson, lydkunstnerne i bakgrunnen
Foto: Magnus Skrede 
 
Fra Sleppet
Foto: Magnus Skrede
 
Fra Sleppet
Foto: Magnus Skrede
 
 
ARKIV:
03.03.08 Vi vil hevde at bidragene fra både offentlige og private bidragsytere har gitt god avkastning – og at Grieg-markeringen 2007 viser at investering i nasjonale kulturjubiléer er god butikk, dersom de håndteres på rette måten, skriver direktør Grung Moe om Grieg 07s sluttrapport som blir presentert i morgen. Fra denne artikkelen kan du laste ned dokumentet.

19.12.07 Fra januar 2008 vil Bergen Offentlige Bibliotek overta Grieg 07s nettsider.

15.12.07 Vi ønsker alle Grieg-interesserte en god julefeiring og godt nyttår! Fra denne linken finner du vårt julekort.

04.12.07 Ny Musikks Komponistgruppe har tatt initiativ til Griegileum, der fire komponister har bearbeidet klavermusikk av Grieg. De nye Grieg-stykkene, sendes på NRK P2, 5. og 12. desember.

03.12.07 - Alle har hørt lyden av vann, men jeg ønsker å presentere lyden på en slik måte at den når ut og griper tak i deg på en ny måte, sier Natasha Barrett om sitt bidrag til Sleppet.

Gå til arkiv

Tilbake til Arkivet

Klikk her for å få en utskriftsvennlig version av denne siden.Utskriftsvennlig version